Brandal friskule er nærskulen i bygda Brandal, eit godt og kostnadsfritt alternativ for barnet ditt. Skulen vår ligg midt i bygda omringa av fjell, sjø og vakker natur. Her har vi verkeleg gode moglegheiter til å bruke lokalmiljøet i undervisninga.
Vi er ein friskule med 29 elevar og 7 tilsette. Sidan vi er få har vi også god tid til kvarandre, noko som fører til at kvar enkelt elev blir sett kvar dag, i kvar time. På skulen vår møtest kunnskap og trivsel for både både store og små.
• Brandal friskule er eit gratis skuletilbod.
• Elevane får gratis skulefrukt to gongar i veka, og mjølk kvar dag.
• Alle borna har tilbod om leksehjelp tre dagar i veka.
• Det er SFO-tilbod kvar dag frå 07:00 til 16:30
• Vi har symjeundervisning frå 1. klasse
• Vi har kantine ein gong i mnd. der borna aktivt tek del.
• Friskulen opnar for innspel frå foreldre i stor grad.
• Vi har eit flott nærmiljø som er eit godt supplement til undervisninga.
Brandal er ein tettstad i Hareid kommune i Møre og Romsdal,
og ligg på vestsida av Sulafjorden og på austsida av øya Hareidlandet
omlag fire kilometer nord for Hareid sentrum.
Brandal er kjend som heimstaden for selfangarar, som årleg frå 1898
hadde fangstturar til Kvitsjøen (slutt 1939), Vestisen og Newfoundland (1939-1982).
Ein pioner innan selfangsten var skipper og skipsreiar Peter S. Brandal.
Ishavsmuseet Aarvak (stifta 1981) ligg i Brandal.
På uteområdet ved museet står monumentet Ishavskjerringa,
som er laga av Tore Bjørn Skjølsvik og blei avduka 18. juni i 2005.